Rønlund Hyttepark er ein campingplass som ligg i Røn i Vestre Slidre kommune. Det er mogleg å leige båt, sup-boards og kanoar. Her er det badestrand og temperaturen kan kome opp i 20 grader om somaren.


                            Kjære Farande Fant  eller  Landstrykar!


Ynskjer du å leige hytte i idylliske omgjevnader? Då er du hjarteleg velkommen til Rønlund Hyttepark som liigg i Røn i Vestre Slidre kommune.


Me tilbyr overnatting i fem hytter med ulik standard. Me har ôg eit glampingtelt ved vasskanten om du ynskjer deg ei overnatting utanom det vanlege. Då kan me diske opp med frokost om de vil!  


Vi har mange aktivitetstilbud til dei som vil gjere meir enn å nyte livet rundt hytta. Me har gode forhold for fiske, så her kan du kjøpe fiskekort, låne robåt eller kano og teste fiskelykka. Kanskje får du både ørret og abbor? Vi har grill og bålpanne på plattingen, der du kan grille fisken som du sjølv har fiska.


Me har ei eiga skogsløype som passar til å gå ein roleg tur langs fjorden innover i den trolske furuskogen. Løypa heiter tytebærløypa og er ei runde som tek omlag femten minutt å gå. 


Rønlund ligg lunt og solfylt til, og badevatnet er herleg store deler av sommaren, Vi har eit eige stupetårn og du kan bruke SUP-brettet og padle utover roleg vatn ein tidleg solfylt morgon.


Vestre Slidre i Valdres er eit perfekt utgangspunkt for dagsturar vestover mot Flåm. Aurland, Lærdal eller Årdal. Du kan også sjå deg om i her i Valdre for vi har mykje å vise fram, m.a. seks flotte stavkyrkjer, mange flotte fjellturar og byliv på Fagernes og Leira med shopping og cafebesøk for å nevne noko. 

Dersom du er på gjennomreise vestover mot Bergen eller sørover mot Lillehammer eller Oslo, er Rønlund den perfekte staden for overnatting på turen.


Hyttene kan tingast via Airbnb.com eller Booking.com. Du kan også bestille ved å ringe Anne Kari på telefon:  90722688. Me gler oss til å sjå deg på hyttetunet til sommaren! Velkomne skal de vere!


Anne Kari

... er ei lafta tømmerhytte. Her er det fire sengeplassar, bad/wc, kjøken, stogo med tv.

... er ei hytte med fire sengeplassar, bad/wc, kjøken, stogo med tv.

... er ei campinghytte, to sengeplassar (køyeseng), enkelt kjøken med kokeplate, vatnkokar og kjøleskåp. Felles toalettanlegg.

... er ei campinghytte, to sengeplassar (køyeseng), enkelt kjøken med kokeplate, vatnkokar og kjøleskåp. Felles toalettanlegg.

... er ei campinghytte, to sengeplassar (køyeseng), enkelt kjøken med kokeplate, vatnkokar og kjøleskåp. Felles toalettanlegg.

... står heilt nede ved fjorden. Her er det sengeplass til to personar. Straumtilkobling.

7. Lysthuset

... fungerer som eteplass eller så er det staden for kortspel, ein kaffekopp, eller dei verkeleg djupe samtalene. Mjuke puter til å sita på, ligg i den kvite kassa under bordet!

8. Plattingen/Båthuset

... er staden for grilling og samenkomstar. Her er det bålpanne og ved, for dei som vil grille. Under plattingen ligg båthuset med kanoar og redningsvestar. Velkomen!

9. Brygga

... er perfekt for fisking, bading eller å berre ta seg ein kvil! Fortøyning for båtar.

Rønlund Hyttepark 2022

Del denne siden